Anders Bakke er født i 1963 og oppvaksen på Tysnes i Hordaland, ein øykommune like sør for Bergen. Bakke har skrive sangar sidan 1994, og er influert av til dømes country og jazz men ikkje minst av norsk og nordisk visesang. Anders har spelt med mange musikarar i ulike samanhengar, særleg med folk som på ein eller annan måte er knytta til Tysnes.
I 2001 vart han derimot medlem av eit fast band då Bakkemannskapet vart skipa. Utganspunktet var eit samarbeid med hans gode venn og store inspirator; pianisten Yngve Dyvik. Før dette skreiv Bakke tekstar og melodiar åleine. No blir mange av melodiane til i samarbeid med Dyvik, og det hender heile bakkemannskapet er med og komponerar.
Bakkemannskapet er: Kjetil Huus: Bass og kor. Erlend Huus: Trommer, Yngve Dyvik: Piano og kor Arne Wulvik: Gitarer, Anders Bakke: Vokal og akk. gitar.